Tre nye smittetilfelle i Ålesund

Alle dei tre er ifølgje kommunen nærkontaktar til dei tre som har testa positivt i Sula.
Nyheter

Ålesund kommune opplyser at dei laurdag har fått beskjed om at tre nye personar har testa positivt på koronavirus i kommunen.

– Alle tre er nærkontakt til dei som har testa positivt i Sula kommune. Dei tre har berre lette symptom og har vore i karantene sidan onsdag 27. mai. Dei smitta får oppfølging av smitteteamet i Ålesund kommune, heiter det.



Fire nye smittetilfelle i Sula

– Alle har vore i karantene sidan det førre smittetilfellet, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg.


Totalt er det no 32 som har påvist koronavirus i Ålesund kommune.