Sola skein over Nordvestlandet:

Godt vêr i pinsa - det har gitt mange fine lesarbilete

Vêrgudane spelte på lag med Nordvestlandet i pinsa. Det gav mange blinkskot som lesarane har sendt oss.
Nyheter

Laurdag var det rundt 20 gradar fleire plassar på Nordvestlandet.

Søndagen og måndagen følgde nesten i same spor.

Framover blir det derimot litt kaldare.

På Vigra til dømes var det til meldt 18 gradar måndag, med både sol og skyer.

Tysdag skal temperaturen falle til 15 gradar.

Onsdag kjem regnet – og temperaturen er nede i 11 gradar.

Men dei siste dagane har altså vore heilt nydelege over heile Nordvestlandet, og som vi ser i karusellen i toppen av saka har det gitt haugevis med blinkskot som lesarane vore har sendt oss.

Send oss dine bilete frå finvêret til internett@smp.no.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter