Totalt åtte er smitta i kommunen no:

Tre born er bekrefta koronasmitta i Sula

– Personane har ein relasjon til dei som allereie er bekrefta smitta. Så dette er ikkje uventa, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg.
Nyheter

Dei tre borna som søndag vart bekrefta smitta har nemleg allereie vore i karantene sidan onsdag.

Totalt åtte personar i Sula er no bekrefta smitta.

Alle har ein relasjon til kvarandre.

Oppdatert måndag morgon: Søndag meldte Sula kommune om to nye smittetilfelle, begge born. Søndag kveld vart endå eit tilfelle stadfesta. Det tredje bornet har ein relasjon til dei andre og har vore i karantene sidan onsdag.

– Vi har kontroll

Torsdag fekk Sula sitt første smittetilfelle på fleire veker.

Fire nye personar vart bekrefta smitta fredag.

Sidan vart det tatt fleire testar av personar som det var mistanke om kunne vere smitta.

Desse testane vart altså klare søndag føremiddag.

– Vi meiner vi har kontroll på situasjonen, seier kommunelege Marianne Bjerkevåg til Sunnmørsposten.

Ikkje på sjukehus

Dei smitta personane har relativt milde symptom.

Det er ikkje vurdert at nokon av dei må leggast inn på sjukehus.

Bjerkevåg kan ikkje utdjupe i detalj kva slektskap dei sju smitta personane i Sula her, men alle har ein relasjon til kvarandre.

Og det er ikkje mistanke om at det er andre smitta i Sula no.

Bjerkevåg seier også at det ikkje er mistanke om at smitta har skjedd i høve reiseverksemd.

Totalt 13 smitta

Ingen skular eller barnehagar må stenge som følgje av dei nye smittetilfella.

Borna har vore delt inn i såkalla kohortar – eller grupper om du vil.

Det gjer at det er relativt enkelt å setje dei andre medlemmane i kohortane i karantene.

Totalt har 13 personar i Sula blitt bekrefta koronasmitta.

Men dei seks første tilfella er langt tilbake i tid, og dei seks personane har blitt friske for lenge sidan.

Tre nye i Ålesund

Laurdag vart det kjent at tre personar i Ålesund kommune også er smitta – og desse har ein relasjon til dei som er smitta i Sula.

– Alle tre er nærkontakt til dei som har testa positivt i Sula kommune. Dei tre har berre lette symptom og har vore i karantene sidan onsdag 27. mai. Dei smitta får oppfølging av smitteteamet i Ålesund kommune, melde denne kommunen då.