Fekk kjenne Napefonna på kroppen:

- Eg heiv meg flat ned

Det var enorme krefter i sving då Napefonna gjekk måndag ettermiddag. Og midt i fonnvinden var to eldre karar frå Jølster.

Midt i fonnvinden, på rasteplassen ved Napen, stod Norvald Øvrebø og kameraten. Bilen fekk stygg medfart, men dei to karane gjekk det heldigvis bra med. Her har Øvrebø sjølv teke bilde etter at det heile hadde roa seg.  

Nyheter

Store mengder snø kom ned fjellsida i 13-tida måndag. I dette området er det laga til sykkelsti, og i pinsa var det aktivitet i løypa. Fonna dekker her deler av traseen.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

(Fjordingen) Norvald Øvrebø frå Jølster var på biltur saman med ein kamerat, og stod utanfor den eldre VW Caravellen på rasteplassen ved Napen, nokre svingar oppover frå Jølmunna bru, då dei såg fonna ta laust langt oppe i fjellsida.