Kuttforslaga opp i oppvekstutvalet i Ålesund tysdag ettermiddag:

– Vi har få val, dette smertar

Oppvekstutvalet i Ålesund tek kuttlista til kommunedirektøren til vitande. Alle var einige om at den noverande situasjonen smertar.

- Det smertar: Marit Nerås Krogsæter (Sp) meinte den økonomiske situasjonen i kommunen smerta. - Då vi gjekk til val tenkte vi ikkje at det skulle bli slik, sa Krogsæter i oppvekstmøtet.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi er fanga av bordet. Vi har ikkje noko reelt handlingsrom. Som politikar har du lyst til å prioritere, men her er det ingenting å prioritere mellom, sa Marit Nerås Krogsæter (Sp).