Dottera måtte i karantene på campingtur

Då Jan Arild Alfsvåg og familien var på pinsetur fekk dei beskjed om at medeleven til dottera var bekrefta smitta av korona. Tre born er smitta i Sula kommune, to gjeng ved samme skule.

Jan Arild Alfsvåg, FAU-leiar ved Langevåg skule, var på campingtur da dottera måtte i karantene.  Foto: Camilla Hjelmeseth

Nyheter

Fredag vart det bekrefta at tre born i Sula kommune er smitta av koronaviruset i eit nyleg utbrot. To av borna går på Langevåg skule, og det siste på Nymarkbakken barnehage. Som følgje av dei positive testresultata vart skuleklassane til dei to elevane sett i karantene. I tillegg vart borna på den aktuelle avdelinga i Nymarkbakken sett i karantene, der er eit barn og ein tilsett smitta.