Sula kommune bygger ny skule

Ny barneskule skal etablerast på Rørstadmarka på Fiskerstrand med plass til 500 elevar, med ny fleirbrukshall, opparbeiding av uteområde, parkering og tilkomstveg.

Sula: Rørstadmarka skule i Sula kommune.   Foto: Illustrasjon: ART arkitekter og ingeniører as

Nyheter

Skulebygget skal oppførast over to etasjar, med undervisningsrom, personalrom og fellesareal. Det skal og byggast fleirbrukshall over to etasjar, med garderobar, teknisk rom og sanitæranlegg. Idrettshallen skal dimensjonerast for 500 personar, og med publikumsareal på tribune.