Helgapraten: Bli kjend med Birgit Oline Kjerstad

Ein kamp mot møller

Ho nektar at nokon får øydelegge fjellet som har vore så viktig for henne i vanskelege periodar.

Birgit Kjerstad under Ullahornet. Oppå det rundt 300 meter høge fjellet er det gitt løyve til 150 meter høge vindmøller.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

Utan mann, barn og dyr kunne ho reise opp om kvelden og overnatte i telt – før alle pliktene kalla henne ned og heim att neste morgon til ein ny strevsam dag. Haramsfjellet har vore viktig for å ta vare på eiga helse, seier Birgit Kjerstad.