Ørsta:

Førebur søk laurdag

Politiet kan ikkje stadfeste at det er leivningar etter Maja Herner som er funne, men seier at det er truleg.

Det vart gjort grovsøk i området fredag kveld. Både etterforskarar, krimteknikar og politihund er sett inn i dette arbeidet.   Foto: FOTO: SVEIN AAM / MØRENYTT

Nyheter

(Møre-Nytt): Seint fredag kveld sende politiet ut pressemelding om funn av leivningar i fjellsida ved Nivane i Ørsta. Dei knyter funnet opp mot den sakna polske kvinna Maja Herner (21) som har vore sakna i fjella sidan 21. november 2018.

Forsvant i 2018:

Politiet tror de har funnet levningene til Maja

I 2018 forsvant Maja Herner (25) fra Ørsta. Nå tror politiet at de muligens har funnet levningene hennes.


Det var seint på ettermiddagen fredag at politiet fekk melding frå ein person som hadde vore oppe i terrenget. Fredag kveld vart dette følgt opp med grovsøk i området. Både etterforskarar, krimteknikar og politihund er sett inn i dette arbeidet.

Kripos: – Ingen haldepunkt for straffbar handling

Kripos har i dag lagt fram rapporten sin etter at å ha sett på Maja Herner-saka på nytt. Dei finn ikkje haldepunkt for at det har skjedd ei straffbar handling i forsvinningssaka, melder NRK Møre og Romsdal.


– Vi kan ikkje på dette tidspunktet stadfeste at det er Herner. Leivningane må fyrst sendast til kriminaltekniske undersøkingar. Men det er sannsynleg å tru at det er Herner som er funnen, og hennar pårørande er derfor varsla, skriv politiet i pressemeldinga.

Politiet var på plass med mannskap etter funn av leivningar i området der Maja Herner vart meldt sakna for snart to år sidan.   Foto: FOTO: SVEIN AAM / MØRENYTT

Planen er vidare søk i terrenget i samarbeid med Røde Kors på laurdag, men før dette arbeidet startar skal blant anna fare for snøskred vurderast.

Politiet avsluttar arbeidet fredag, men er venta tilbake laurdag for vidare arbeid.   Foto: FOTO: SVEIN AAM / MØRE-NYTT

Det er ikkje registrert andre sakna personar i området, og det er derfor funnet vert kopla til Herner.
Slik saka står er det ikkje haldepunkt i at det har hendt noko kriminelt, opplyser politiet.

Denne saka blei først publisert av Møre-Nytt.