Opnar for meir besøk ved sjukehusa i Møre og Romsdal

To timar kvar ettermiddag er det råd å besøke pasientar.

Ålesund sjukehus.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Helse Møre og Romsdal melder at dei har oppheva besøksforbodet ved sjukehusa. Det blir framleis åtgangskontroll i tråd med nasjonale anbefalingar.

På kvardagar skal besøk skje mellom kl. 17.00 og 19.00, og i helga mellom kl. 16.00 og 18.00.

Alle besøk skal avtalast, inkludert tidspunkt og varigheit. Kontakt med den aktuelle eininga skal skje på dagtid og i god tid før besøket.

Talet på besøkande er normal inntil to personar, inkludert følgje. Unnataksvis blir det godtatt inntil fire personar ved spesielle situasjonar der avgrensinga på to besøkande vil vere urimeleg.

Besøkande må gå direkte til pasientrom. Dei må også fortrinnsvis halde ein meters avstand til den dei skal besøke. Dei kan ikkje betene seg sjølve eller pasient frå drikkeautomatar eller matservering i fellesareala. Fleire restriksjonar er omtalt på Helse Møre og Romsdal si nettside.

For besøkande til fødeavdelingane gjeld eigne reglar.

For besøk ved HMR sine andre institusjonar, ta kontakt med den aktuelle institusjonen for meir informasjon og for å gjere avtale om besøk.