Erfaren redningsmann fann leivningane

-Sannsynleg at ho har slått seg i hel.

Odd Staurset var tilbake i fjellsida under Nivane laurdag, for mellom anna å vise politiet kvar han gjorde funnet. I bakgrunnen ser vi leitemannskap.   Foto: PRIVAT

Nyheter

Møre-Nytt: Funnet av leivningar i Niva-sida fredag vart gjort av Odd Staurset, som var på tur saman med hunden Shira. Staurset er ein svært erfaren fjellmann, og han er leiar for Sunnmøre alpine redningsgruppe.