Kommunalt tilsett alvorleg skadd:

Sikta for drapsforsøk med skrujarn

Ein mann i slutten av 20-åra er sikta for drapsforsøk etter at han stakk ein kommunalt tilsett i Volda med skrujarn søndag.

Fengsling: Politiadvokat Julie Ulstein er påtaleansvarleg i etterforskinga mot mannen som blir framstilt for varetektsfengsling i Sunnmøre tingrett tysdag.  Foto: Nils Harald Ånstad (arkiv)

Nyheter

– Eg kan stadfeste at politiet i Møre og Romsdal har sikta ein mann i slutten av 20-åra for drapsforsøk, etter at han stakk ein tilsett på ein kommunal institusjon. Den sikta vil bli avhøyrd av politiet i dag, seier påtaleansvarleg, politiadvokat Julie Ulstein til Sunnmørsposten måndag ettermiddag.