Arbeidarpartiet er ueinige med kommunedirektøren - har levert eiga innstilling til møtet i helse og omsorg-utvalet måndag kveld:

Vil utsetje vindkraftutbygginga til støyanalyse er klar

- Vindindustri vil kunne føre til at Haramsøya og Flemsøya grunna støy og skyggekast blir ueigna som rekreasjonsområde.

Demonstrasjonar: Dei siste to vekene har demonstrasjonar mot vindkraft på Haramsøya prega nyheitsbiletet både lokalt, regionalt og nasjonalt.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det skriv Siv Katrin Ulla og Ove Økland i eit forslag til vedtak som skal opp i komiteen for helse og omsorg i Ålesund kommune måndag kveld – og som eventuelt blir tatt med vidare til formannskapet tysdag.