Tidlegare Haram-ordførar meiner den økonomiske situasjonen i Ålesund kan føre til sentralisering:

– Dei som heldt budsjetta blir straffa

I fjor gjekk Haram omtrent i balanse på driftsbudsjettet sitt, utan bruk av eigedomsskatt. Samtidig tok dei med seg eit stort disposisjonsfond inn i nyekommunen. Vebjørn Krogsæter (Sp) lurer på kvifor dei andre kommunane gjekk i så store minus.

Stolt av Haram: Tidlegare Haram-ordførar og noverande varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter, meinte Haram gjekk ned med flagget til topps, medan økonomien i dei andre kommunane vart kalla skremmande. Her blir Krogsæter intervjua av Trond Vestre i NRK. Astrid Eidsvik i bakgrunnen.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Eg er stolt av jobben Haram gjorde i 2019, men det er ein dramatisk forskjell mellom dei gamle kommunane, sa den noverande Ålesund-varaordføraren og tidlegare Haram-ordføraren frå talarstolen i formannskapet.