Ordføraren lite nøgd med vedtaket formannskapet gjorde om vindkraft:

– Det er jo berre tull

Nokre få timar etter at Stortinget ikkje fekk fleirtal for å stoppe vindkraftutbyggingar som skal opp rettsleg, vart det knapt fleirtal i formannskapet i Ålesund for det same. Ikkje alle likte det like godt.

Kritisk til vedtak: Eva Vinje Aurdal er motstandar av vindkraft på Haramsøya, men hadde ikkje sansen for den eine vedtaket formannskapet fatta om saka.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Det er jo berre tull å sende opp eit slikt vedtak same dag som Stortinget har røysta det ned. Eg prøvde i grunnen å få dei til å trekke forslaget. Symbolpolitikk!