– Tussa-striden er løyst

Striden mellom aksjonærane og styret i Tussa Kraft AS er løyst. Det vert fullt utbyte i 2020, men på sikt må aksjonærane redusere utbytet frå 60 til 50 prosent av overskot etter skatt.

Glad: Ordførar Stein Aam er glad for at eigarane og styret i Tussa er samde om vegen vidare. FOTO: RUNE SÆBØNES 

Nyheter

(Møre-Nytt) Det går fram av ein ny aksjonæravtale som er utarbeidd mellom eigarane av Tussa Kraft AS. Samstundes går eigarane med på at det må til ein emisjon i selskapet, der 60 til 70 millionar kroner må hentast inn for å sikre at Mørenett As, som Tussa eig 49 prosent av, får utvikle seg i takt med auka utfordringar i åra framover.