Høgre-politikar i Ålesund meiner vindkraftdebatten minner om heksejakt:

- Folk blir trua til tausheit

Dag Olav Tennfjord (Høgre) meiner debatten om vindmøller på Haramsøya er på ville vegar. I ein til dels oppheita debatt i formannskapet fortalde Tennfjord om det han meiner er eit demokratisk problem.

Kritisk til debattklimaet: Dag Olav Tennfjord, Høgre.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Det minner om ei heksejakt. Det er ei einsretting av debatten der det ikkje er lov å ha andre meiningar. Eg kjenner til at folk ute på øyane som har eit anna syn har blitt trua til tausheit, sa Tennfjord.