Mangeårig Sandøy-ordførar med breiside mot nye Ålesund og Arbeidarpartiet:

- Kommunen kan tape fleire titals millionar kroner

Oddvar Myklebust (Ap) meiner eit vedtak i Ålesund formannskap tysdag kan gjere at det ikkje likevel blir noko av Havsul 1. Det vil i så tilfelle både Harøya, Nordøyane og nye Ålesund kommune tape mykje på.

Kritisk til Ålesund Ap: - Ålesund arbeidarparti er dessverre for oss i gamle Sandøy også i ferd med å ta frå oss sårt tiltrengte arbeidsplasser og dermed tilflytting av nye familiar, skreiv tidlegare Sandøy-ordførar Oddvar Myklebust på Facebook tysdag kveld.  Foto: Sofie Svanes Flem (arkivfoto)

Nyheter

– Havsul har venta lenge. Må dei no vente endå lenger, då er det nok stopp, seier Myklebust til Sunnmørsposten.