Fylkesleiar Dag Olav Tennfjord strålande nøgd med stort hopp i fersk meiningsmåling:

- Vi har ambisjonar om å klare tre mandat igjen

I fylkestingvalet i fjor gjekk Høgre på ein smell og fekk 15,0 prosent oppslutning. På Sunnmørsposten og Tidens Krav si ferske meiningsmåling er dei oppe i heile 23,4 prosent.

Mål om tre mandat: Sunnmørsposten møtte Dag Olav Tennfjord mellom to av mange møte han var på onsdag. Tennfjord fortel at Høgre har mål om å halde på sine tre mandat i fylket også neste stortingsval, sjølv om det no blir færre mandat å kjempe om.  Foto: Morten Hjertø

Nyheter

– Målinga er kjempepositiv for oss. Vi har ein ambisjon om å vere det største partiet i Møre og Romsdal neste val og få inn tre mandat, seier Høgre-fylkesleiar Dag Olav Tennfjord til Sunnmørsposten.