Tillitsvald dømt for underslag

Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i sekstiåra frå ytre søre Sunnmøre for grovt underslag.

Dømt: Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann til samfunnsstraff for grovt underslag.   Foto: Linda Eikrem, Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet.no) Mannen har vore tillitsvald i ein arbeidstakarorganisasjon i ei årrekkje, og måtte i retten svare for skuldingar om at han i fjor sommar hadde overført pengar til sin private konto frå organisasjonen sin konto.