Historie verdt å ta vare på:

Det ligg an til freding av Vigra kringkastar

Riksantikvaren slår fast at Vigra kringkastar har fredingsverdi, og fylkeskommunen kan starte prosessen med å få det historiske anlegget freda for framtida.

Har kjempa lenge: Jon Hildre i Vigra kringkastar venneforeining vil bevare sendarbygget som museum og nytt senter for ytringsfridom og demokrati.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har bede Riksantikvaren om ei ny vurdering av den kulturhistoriske verdien av kringkastaren, med spørsmål om mogeleg freding.