Koronakrisa gjer at mange slit med å finne seg læreplass:

Fylket ønskjer «læreplassjeger»

Mange lærlingar står no i ein vanskeleg situasjon som følgje av koronakrisa. Det ønskjer fylkeskommunen å gjere noko med.

Fremja forslag om læreplassjeger: Jakob Vorren (frå venstre), Siv Katrin Ulla og Per Vidar Kjølmoen i Møre og Romsdal Arbeidarparti. 

Nyheter

– Det er vanskeleg nok i ein normalsituasjon å få læreplass. No er mange blitt permitterte frå læreplassane sine, og vi kjem til å trenge mange nye bedrifter til å kome på banen igjen. Dette er eit ansvar vi alle må ta i fellesskap, meiner Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.

Derfor fremja dei ei sak i utdannings- og kompetanseutvalet torsdag om å få på plass ein såkalla læreplassjeger i fylkeskommunal regi.


Frisør ser fram til å opne igjen: – Det har ikkje vore kjekt

På dagens pressekonferanse fortalte statsminister Erna Solberg at dei vil lette litt på dei strenge restriksjonane som har vore, og det betyr at Føhnix Dame & Herrefrisør kan opne igjen 27. april.


– Vil ramme lærlingane

Det vart vist til at andre fylke har ei liknande ordning.

Forslaget frå Ap vart samrøystes vedteke.

– Konkursar, fare for konkursar og redsel for å tilsetje nye i ei vanskeleg økonomisk tid vil også ramme lærlingar som treng læreplassar. Vi synest det er viktig no å gå ut og oppfordre både fylkeskommunen og kommunane om å vurdere å finne rom for fleire lærlingar, seier Siv Katrin Ulla, Per Vidar Kjølmoen og Jakob Vorren i Ap.


Sykkylven:

Garanterer lærlingeplass til alle

Alle elevane ved Vg2 Industriteknologi og Vg3 Automasjon ved Sykkylven vidaregåande skule er no garantert lærlingeplass.


Kan bli ekstra klassar

Som Sunnmørsposten tidlegare har meldt har mange lærlingar vore permitterte i vår som følgje av koronakrisa.

Det kan også bli utfordringar ved å finne mange nok lærlingplassar til hausten.

Ei løysing kan vere å opprette fleire VG3-tilbod på skulane som eit alternativ til dei som ikkje får læreplass.

– Dette er ikkje noko nytt grep. Å ha VG3-klassar har det vore tradisjon for til dømes på bygg og anlegg i Fræna og på elektro i Ulstein, sa fylkesutdanningssjef Erik Brekken til Sunnmørsposten i slutten av mai.

Talet på permitterte lærlingar har rett nok gått ein del ned utover våren.

På det meste, i andre halvdel av april, var det 240 permitterte lærlingar i Møre og Romsdal.


Kan opprette tredje klasse ved vidaregåande skular for å bøte på mangel på lærlingplassar:

Kan opprette tredje klasse ved vidaregåande skular for å bøte på mangel på lærlingplassar