Runar Gudnason er gjest i podkasten Sunnmørsfolk:

Ser ikkje vekk frå at han ein dag blir politikar

I år markerer Side Brok 20 år. Frå å rappe på Ørsta-dialekt frå København gjer halvt islandske Runar Gudnason det no heime frå Hovdebygda. Og ikkje berre det. Gudnason engasjerer seg også i samfunnsdebatten i heimkommunen.

Podkast-innspeling: Runar Gudnason på podkast-innspeling på Sunnmørsposten sitt Volda-kontor. I podkasten vart det snakka mykje om hihop og også ein del om andre ting.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Eg har jo budd vekke lenge. Då eg kom heim oppdaga eg kor meiningsfull lokalpolitikken er, seier Gudnason.

Seinast i fjor uttala rapparen seg i lokalpressa på vegner av Digernes grendalag.

Så langt har han ikkje engasjert seg i partipolitikken.

Men kanskje får vi ein dag sjå Gudnason i ein kommunestyresal – med eller utan ordførarkjede?

– Eg har alltid vore interessert i politikk. Men kva som skjer framover? Eg har ikkje peiling, seier hovdebygdaren.

Politikk er berre eitt av mange tema som blir tatt opp når Runar Gudnason er gjest i den ferskaste episoden av podkasten Sunnmørsfolk.



– Ingen stor rånar

For det handlar jo mest om musikk.

Vi blir med Runar Gudnason på ferda frå oppvekst i Trondheim, på Island og i Hovdebygda og fram til Side Brok såg dagens lys i København for 20 år sidan.

Vi kjem mellom anna inn på den rurale ungdomskulturen – som Gudnason sjølv kallar han – som inspirerte mange av tekstane til «1, 2, 3, Fyre» og andre låtar på gjennombrotsalbumet «Høge brelle» i 2004.

– For vaksne fornuftige folk kan det verke meiningslaust, men det er mykje fridom i å ha med seg festen rundt om i ein bil, seier Gudnason.

Ny musikk: Side Brok kom nyleg ut med ny musikk, den ferske låten «Svært» og ein litt justert versjon av den gamle låten «Kvar dag».  Foto: Marius Beck Dahle

Han seier sjølv at han ikkje var nokon stor rånar.

Rånebil hadde han heller ikkje.

Men han deltok mellom anna som sjåfør til broren.

– Tekstane våre kan du kalle ein hyllest av denne kulturen – med eit ironisk blikk, seier den no 48 år gamle rapparen.

Stadig aktuell: Det er 20 år sidan Side Brok såg dagens lys, og 16 år sidan dei verkeleg slo gjennom. Men frontfigur Runar Gudnason er stadig aktuell, seinast med ny musikk som nyleg kom ut.  Foto: Einar Orten Trovåg

«Beef» med anna gruppe

I podkasten vart det også høve til å ta opp spørsmål som lesarane har sendt inn.

Ein innsendar lurte på om det framleis er ein konflikt mellom hiphop-gruppene Side Brok og Jaa9 og OnklP, eller om det heile var ein PR-jippo.

Runar Gudnason bekreftar at det var snakk om ein «beef» mellom dei to gruppene.

– Det vart mykje styr, det kom til og med på P3-nyheitene då vi laga ein disselåt om dei – etter at dei hadde laga ein om oss, fortel Gudnason i dag.

Meir om dette og så mangt anna – til dømes Svisj, Hovdebygda, ein viktig film frå 1984 som kanskje ikkje var så god likevel, humanistisk konfirmasjon, dei nye låtane, Sjef R, Thorstein Hyl III og Ørsta som ei spesiell musikkbygd – ja det kan du høyre om i denne podkasten.

Det same om fleire spørsmål frå lesarane, som om det var sjølvbiografisk då Gudnason rappa at han «skulle få ein heil haug med ungar og lære dei Ivar Aasen sine songar».

Side skjorte også: Runar Gudnason og Side Brok på Malakoff i 2018.   Foto: Sofie Svanes Flem