Alf Rune Kalland og SAFE vann fram i saka mot Island Offshore - og han får behalde jobben:

– Dette var ein svært viktig prinsipiell siger

Oppseiinga av hovudtillitsvald Alf Rune Kalland blei av Arbeidsretten kjent samrøystes ugyldig og tariffstridig.

Hovudtillitsvald Alf Rune Kalland og forbundet SAFE gjekk til sak mot Island Offshore og Norsk Rederiforbund - og vann fram.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Fredag 12. juni kom konklusjonen i arbeidsrettssaka mellom fagorganisasjonen SAFE på eine sida – og Norges Rederiforbund og selskapet Island Offshore Crewing på andre sida.