Ulstein og Ålesund sentrale i utviklinga av banebrytande velferdsteknologi:

Denne kvite dingsen revolusjonerer helse-Norge

Ved hjelp av ein liten kvit duppeditt og ein laptop kan helsearbeidarar følgje pasientar på ein langt meir effektiv og tryggare måte enn før. Kommunar på Sunnmøre har vore viktige i utviklinga av «Somnofy».

Jublar for teknologiske framsteg: Frå venstre: Alf Egil Bogen (Vital Things), Hildegunn Utgård (prosjektleiar for det nasjonale velferdsteknologiprogrammet på søre Sunnmøre), John Kristian Pilskog (sjukepleiar, Ulstein kommune) og Marit Botnen (kommunalsjef helse og omsorg, Ulstein kommune). Her er kvartetten fotograferte utanfor Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter i Ulsteinvik.  Foto: Einar Orten Trovåg

Nyheter

– Vi får opp sensorane i ein monitor. Der ser vi eitt vindauge per pasient. Så kan vi så om dei ligg roleg, søv eller er vakne, fortel John Kristian Pilskog, sjukepleiar i Ulstein kommune.