No er han blitt direktør - jåleri, meinte nokon

Øverste administrative leiar i fylkeskommunen skiftar tittel frå fylkesrådmann til fylkeskommunedirektør. Det er jåleri, meiner Jan Ove Tryggestad (Sp) og Frank Sve (Frp).

Det er no formelt vedteke av fylkestinget at Ottar Brage Guttelvik skal kallast fylkeskommunedirektør, ikkje lenger fylkesrådmann. (Arkivbilde)   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Det er blitt slik no rundt omkring at ein brukar halve alfabetet til ein ny tittel, før ein kjem fram til namnet på vedkomande. Eg held på at vi framleis skal nytte namnet fylkesrådmann. Det er eit godt namn, sa Jan Ove Tryggestad på fylkestinget tysdag.