Reiarlag på Sunnmøre har gått konkurs

Fire år etter at dei starta opp er det slutt for reiarlaget Valder AS frå Giske. Trålaren deira «Klondyke» har lege ut for sal eit halvt år.

På Vartdal: Trålaren «Klondyke» ligg no til kai ved Vartdal. Ein av dei fire aksjonærane har adresse i Ørsta.  Foto: Nils-Jarle Sætre

Nyheter

– Eg har akkurat fått denne saka på bordet, så eg har ikkje full oversikt over saka enno. Men det er tydeleg at Valder AS har slite med å få rett farge på tala heilt sidan 2017, seier bustyrar Anne N. Hovde til Sunnmørsposten.