Ørsta: To ulike trafikkulykker samtidig

  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

Ein sjåfør køyrde av vegen og rulla rundt på Bondalseidet i Ørsta onsdag ettermiddag.

Brannmannskap frå både Sæbø og Ørsta sentrum rykka ut. 110-sentralen omtalte hendinga som trafikkuhell, men det var i den første fasen usikkert korleis tilstanden til vedkomande var.

I ei oppdatering frå politiet klokka 17 stod det at føraren tilsynelatande ikkje var alvorleg skadd:

– Førar, ein mann i 40-åra, er flydd til Ålesund sjukehus av luftambulanse. Tilsynelatande ikkje alvorleg skadd. Ingen andre personar eller køyretøy involvert i ulykka. Politiet opprettar sak. Førarkortet er inndrege, heiter det i meldinga frå politiet.



Samtidig vart ein annan sjåfør transportert til sjukehus, etter å ha køyrd av vegen ved Vartdalsstranda, også i Ørsta kommune.

Politiet opplyste at bilen ikkje stod til hinder for trafikken.