Siste åra har det vore fleire oppslag i media om turistar som usikra går utpå kanten der Flydalsjuvet går stupbratt ned. Mathias Hoggen er ikkje nokon vanleg turist, men er godt sikra og nøye med at det han gjer skal vere trygt. Foto: Odin Jæger

Her heng Mathias høgt over Flydalsjuvet

– Eg har tenkt på dette bildet mange gonger, og det var godt planlagt, fortel Mathias Hoggen som laurdag gjorde eit spektakulært stunt på Flydalsjuvet i Geiranger.