Denne bygda treng meir straum

Geiranger slit med å skaffe nok straum, og folk har fått avslag på å teikne nye abonnement. Det hindrar utviklinga av bygda, meiner fleire. Mørenett kan ikkje love ei permanent betring før om tre-fire år.

Straummangel: Geiranger treng sårt meir straum, men då må det først ei utbygging til.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Vi prøver å leggje til rette for utvikling av Geiranger. Men det er ikkje lett. For det er nei, nei, nei over alt. Det kunne til dømes ha blitt bygd eit mindre kraftverk i bygda, men det har vi så langt fått avslag på.