To russarar innlagt med korona

Fekk kome i land for medisinsk behandling.
Nyheter

Fredag vart det lagd inn to nye pasientar til behandling ved Ålesund sjukehus. Begge har fått påvist koronasmitte, skriv Helse Møre og Romsdal.

Det starta med at Ålesund kommune fekk melding om to sjuke personar om bord i eit russisk fiskefartøy torsdag på kveldstid. Fartøyet anmoda hamnemyndigheiter og helsemyndigheiter om at dei sjuke fekk kome i land for medisinsk avklaring og hjelp med tanke på mogleg smitte av koronavirus. Denne anmodninga vart imøtekomen, opplyser Helse Møre og Romsdal.

– Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrar vart følgt ved innlegging. Pasientane ligg innlagd ved kohorteininga, og tilstanden til pasientane er etter forholda god. Verken tilsette eller andre pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte frå dei koronasmitta pasientane, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva.

Fiskefartøyet forlét Ålesund like etter og er no i internasjonalt farvatn. Ålesund kommune og Ålesund hamnevesen har meldt hendinga vidare til Folkehelseinstituttet og nasjonale sjøfartsmyndigheiter.