Innbyggjarane på Haramsøya har gått døgnvakt for å hindre sabotasje

Trass at dei er motstandarar av vindturbinane. Grunnen skal vere at dei ynskjer å halde debatten sakleg og få sine stemmer høyrt.
Nyheter

Det seier Birgit Oline Kjerstad, styreleiar i «Nei til vindkraft på Haramsøya» til VG, som først melde om saka.

– Vi er redde for at saka vår skal bli skada politisk, og er veldig glad for initiativet som kjem frå lokalbefolkninga, seier ho til avisa.

Det har vore både stort engasjement og demonstrasjonar i samband med dei planlagde vindturbinane. Fredag fekk Olje- og energiminister Tina Bru overlevert 22.000 underskrifter mot bygging av vindkraftverk på Haramsøya.

Til VG fortel Olav Rommetveit, dagleg leiar i Zephyr, at selskapet har teke imot ein drapstrussel. Denne skal mellombels ikkje ha vore sendt frå nokon som har bustadadresse i Ålesund kommune.