Lange køar etter at ferje var ute av drift

I sambandet Eidsdal–Linge var «Geiranger» var ute av drift halvannan time.

Bildet er tatt nesten oppe ved skulen i Eidsdal søndag litt før klokka 13.  Foto: Nils Harald Ånstad

Arkiv. Ferja «Geiranger» er bygt i 1979.  Foto: Fjord1

Nyheter

Oppdatering: I 16.30-tida er det framleis ein heil del attståande bilar i Eidsdal, fortel ein som bur like ved ferjekaia.

Tidleg søndag ettermiddag var det lang bilkø på ferjekaia både i Eidsdal og på Linge. – Dei siste i køa må vere i alle fall fire ferjer unna, sa Nils Harald Ånstad i Eidsdal i 13-tida.

Berit Grønningsæter Hagen fortel kva som skjedde: – Ferja «Geiranger» skulle gå frå Eidsdal i 12-tida, men vart tømt etter at den var klar for avgang. Det skapte kaos i Eidsdal. Då vi kom til Linge, var oppstillingsplassen der full, og det stod bilar også oppe på fylkesvegen.

Ferja «Geiranger» låg ute på fjorden i over ein time, viser Vesselfinder. Men klokka 13.20 la ferja til kai i Eidsdal, og ti minutt etter hadde den kurs mot Linge full av bilar.