Tropenatt på Sunnmøre

Natt til søndag har vore årets varmaste på Sunnmøre så langt i år.
Nyheter

I Tafjord var ikkje gradstokken under 21 grader natt til søndag. Det opplyser meteorolog Linda Kleppe ved Vervarslinga på Vestlandet.

Når temperaturen er minst 20 grader heile natta, blir det kalla tropenatt.

Valldal kom ned i 19,4 grader. Mens vêrstasjonen ved Brusdalsvatnet i Ålesund var over 20 heile natta.

Også frå Sula får Sunnmørsposten melding om tropenatt. Klokka fire var det 21 grader, skriv Eldar Fiskerstrand i ein e-post. Meteorologen kan ikkje stadfeste dette. – Vi manglar data etter midnatt for Langevåg, seier Kleppe.

Ålesund lufthamn Vigra var nede i 17,7 grader i dag tidleg. Mens Kristiansund lufthamn på Nordmøre hadde tropenatt, opplyser Kleppe.

Også Åndalsnes hadde 21 grader, melder Meteorologene på Twitter.

Tips Sunnmørsposten: Telefon/MMS: 95 400 400 || E-post: 95400400@smp.no