100 år med Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum byr på mykje forskjelleg når dei skal fortelje si 100-årige historie.

Jubileum: Anne Kristin Moe avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum inviterer til jubileumsutstilling i anledning museet sin 100-årsdag.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Sverd, dåpshuer, erotiske magasin og våpen med den tyske ørn og hakekors er berre nokre av gjenstandane museet syner fram i anledning 100-års jubileet.

– Vi ynskjer å vise at historia til museet er tett knytt til samfunnet elles. Mange av dei gjenstandane som har blitt samla inn i løpet av desse 100 åra ville dei som var pådrivarar for museet i si tid takka nei til. Det må sjåast i lys av samfunnet generelt, der vi har gått frå lokal- og handproduserte produkt til masseprodusert overflod for folk flest. Mange tema som var tabu eller sett ned på før, har ein også seinare fått auga opp for, seier avdelingsdirektør ved museet, Anne Kristin Moe i ei pressemelding.

Stor samling Smørkanna har vore logoen til Nordfjord Folkemuseum. I samlinga si har dei over 100 ulike typar av denne.   Foto: Pressefoto.

Helsar diskusjonar velkomne

– Vi har over 20.000 gjenstandar i samlinga, og 44 antikvariske bygg. Å presentere alt er ikkje mogleg. Det å velje og bestemme kva som representerer dagleglivet til folk i Nordfjord før og no er museet si oppgåve. Det er inga enkel oppgåve, og alle vil ikkje vere samde i våre val når det gjeld det vi tek inn i samlingane eller det vi syner fram i utstillingar. Å skape diskusjon om dette er også ei av oppgåvene våre, så slike diskusjonar helsar vi velkomne, seier Moe.

Ikkje ei større markering

Under opninga av museet i 1920 møtte mellom 600 og 700 fram. Desse var frå alle stader i regionen og nokre heilt frå Amerika.

På grunn av koronasituasjonen blir det få utanlandske turistar og heller ikkje høve til ei større markering av jubileet. Museet vil halde ope alle dagar i juli og august, men har sett seg nøydd til å avlyse omvisingar og større arrangement av smitteomsyn.

– Det var ein strek i rekninga, men vi håpar at mange vil kome og sjå utstillinga. Vi har også oppdatert og utvida rettleiaren om friluftsmuseet, noko som gjer at folk på eiga hand kan få større kunnskap om husa og menneska som budde i dei, seier Moe.

Både moderne og eldre historie frå Nordfjord skal hentas fram i anledning 100-års jubileet.   Foto: Pressefoto.

Artikkelsamling

Seinare i år vil museet publisere ei artikkelsamling der ei rekkje artiklar om bygningane på museet, utviklinga til museet og nokre av dei sentrale personane gjennom dei 100 åra er omtala og skrivne om.

– For museet er dette viktig dokumentasjon om si eiga historie, men dei ulike skildringane og forteljingane gir også god innsikt i dagleglivet i Nordfjord gjennom 100 år, heiter det i pressemeldinga.

Jubileumsutstillinga opnar 1. juli, og artikkelsamlinga kjem til hausten.