Slik blir sparetiltaka på skulane i Giske: – Ikkje haldbart

Ein haug med undervisning blir kutta, elevar må ha time i gymsalen og klassar blir slått saman. Dette er berre nokre av tiltaka som blir gjort på skulane i Giske for å spare pengar.

Misfornøgde: FAU-leiar ved Valderøy barneskule Anna Lena Gjøsund, og FAU-representant for sjette trinn på Vigra skule Gjermund Tomta, er ikkje nøgde med sparetiltaka som blir gjort på skulane.  Foto: Camilla Hjelmeseth

Nyheter

FAU-leiar på Valderøy barneskule og FAU-representant for sjette trinn på Vigra skule, Anna Lena Gjøsund og Gjermund Tomta, ser mørkt på det kommande skuleåret.