Brattvåg:

Må hjelpe båt som tar inn vatn, men heng fast i kaia

Brannvesenet, slamsugar og kran er tysdag kveld på felles oppdrag i Brattvåg.

Ein båt har i kveld hatt store problemer ved ei kai i Brattvåg.  Foto: SMP-tipser

Nyheter

– Ein båt har tatt inn vatn, og heng i trossene, i kaia. Brannvesenet er på staden.

Det fortel vakthavande ved 110-sentralen, Tor Ivar Sjåstad til Sunnmørsposten.

Sjåstad opplyser om at eigaren av kaia har rekvirert slamusugarbil for å ta opp oljesøl frå sjøen.

Eigaren har også tilkalla mobilkran for å hjelpe til med å stabilisere båten under lensing.

Ingen personar skal ha vore i fare, etter det Sjåstad kjenner til.