Krisa i Kleven:

240 har ikkje fått løn og feriepengar

Dei 240 utanlandske arbeidarane i Kleven Maritime Contracting AS har ikkje fått løn eller feriepengar som følgje av den fastlåste situasjonen i Kleven.

Lønskrav: Dei utanlandske arbeidarane skulle fått løn og feriepengar sist torsdag. Olav Høydalsvik og Fellesforbundet si avdeling på søre Sunnmøre hjelper til i prosessen som skal sikre dei tilsette pengane.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Kleven Maritime Contracting er eit dotterselskap av Kleven verft, med 240 tilsette frå Romania og Polen. Dei skulle fått utbetalt lønn og feriepengar førre torsdag, men pengane er enno ikkje komne på konto.