Tre ungdommar dømde for innbrot i butikk

Stal våpen og daglegvarer

Tre unge menn er dømde for å ha brote seg inn i ein butikk i Vanylven.

Søre Sunnmøre tingrett. Illustrasjon.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Natt til laurdag 12. oktober hadde Joker-butikken på Åram i Vanylven innbrot. Tjuvane tok med seg diverse daglegvarer for 39.000 kroner. Under innbrotet blei det også stole to hagler frå eit våpenskåp. Søre Sunnmøre tingrett ser det som tilfeldig at våpen vart ein del av tjuvgodset.