Korona ved Nordfjord sjukehus:

Vikarlegen skal ikkje ha brukt munnbind hos pasienten - men braut ikkje rutinene

Då den koronasmitta vikarlegen starta i jobben på Nordfjord sjukehus var det ikkje krav om verken munnbind eller koronatesting.

Koronasmitte: Ein lege, ein sjukepleiar og ein pasient er koronasmitta ved Nordfjord sjukehus. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes/Fjordabladet / NTB scanpix  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes/Fjordabladet

Nyheter

Det var førre veke og tidlegare denne veka det blei klart at ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus var koronasmitta. Legen hadde også smitta ein pasient og ein sjukepleiar ved sjukehuset.