MAFOSS om framtida til Kleven:

– Vi trur at god kvalitet, arbeidsmoral og kultur ikkje let seg stoppe så lett

Maritim Forening for søre Sunnmøre forventar at bankane og finansinstitusjonane no ser det overordna ansvaret, og at dei saman med potensielle investorer ser høvet til å sikre Kleven. –Vi trur at god kvalitet, arbeidsmoral og kultur ikkje let seg stoppe så lett, og vi er visse på at vi ikkje har høyrt dei siste lydane frå arbeid på bedding, i kranene og i hallane på Kleven.

MAFOSS: Jan Thormodsæter er dagleg leiar for Maritim Forening for søre Sunnmøre. 

Nyheter

– Dette er ein svært trist dag for tilsette på verftet, for underleverandørar og for lokalsamfunnet, skriv Jan Thormodsæter og Oddvar Saunes i Maritim forening for søre Sunnmøre (MAFOSS) i ei pressemelding etter at nyheita om konkursen i Kleven kom fredag. For den som no mister arbeidsplassen sin, gir dette store utfordringar på kort sikt. Men det er også utfordrande på fleire plan, held dei to fram.