Jon Georg Dale tek ikkje attval til Stortinget

No er det Frank sin tur, seier Frank Sve

Sylvi Listhaug på topp, og Frank Sve på andreplass. Slik meiner Frank Sve at Framstegspartiet si valliste til Stortinget bør sjå ut neste haust.

Tetduo: Frank Sve ønsker å slå følge med Sylvi Listhaug inn på Stortinget neste haust. (Arkivbilde)  Foto: Geir H. Strand

Nyheter

– Eg hadde tenkt at Sylvi og Jon Georg skulle stå på topp også ved neste val. Men når Jon Georg no varslar at han ikkje tek attval, så synest eg det er min tur. Eg har også varsla nominasjonsnemnda at eg stiller meg til disposisjon for partiet.