Pressa er kalla til Kleven Verft fredag formiddag - får ein løysinga på krisa no?

DIV Group-eigar Tomislav Debeljak møter pressa på Kleven Verft fredag formiddag.   Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL/Vikebladet

Nyheter

Vikebladet Vestposten: Det er naturlegvis knytt stor spenning til om ein får ei løysing på krisa som har oppstått ved Kleven Verft. Det DIV Group-eigde verftet fekk kontoane sine frosne då tre långjevarar, med Sparebank 1 SMN i spissen, terminerte sine avtalar med Kleven Verft.


Historia om Kleven:

Historia om Kleven: Har overlevd fleire kriser

Historia om Kleven er ei historie om opp- og nedturar, fusjonar, tilbakekjøp og sal. Det som no skjer i Kleven er slik sett ikkje heilt eineståande.


Det er venta at DIV Group-eigar Tomislav Debeljak møter pressa fredag formiddag, og forhåpentlegvis får lokalsamfunnet og den maritime næringa elles no svaret på korleis ein tenkjer å løyse krisa.


Krisa i Kleven:

240 har ikkje fått løn og feriepengar

Dei 240 utanlandske arbeidarane i Kleven Maritime Contracting AS har ikkje fått løn eller feriepengar som følgje av den fastlåste situasjonen i Kleven.


Det er DIV Group sin norske pressetalsmann, Johan WIlskow, som opplyser om dette til Vikebladet Vestposten og andre medieaktørar. Det er venta at pressa får møte Debeljak klokka 10.30.


Kjempar for å berge Kleven verft frå konkurs:

Meiner bankar har blokkert kontoar ulovleg

Eigarane jobbar 24 timar i døgnet for å berge Kleven verft.


Ifølgje hovudtillitsvald for Fellesforbundet ved Kleven Verft, Olav Høydalsvik, kom det ikkje fram noko nytt under møteverksemda torsdag - men han gav likevel eit hint om at noko kunne skje fredag - utan å kommentere ytterlegare.


Krisen ved Kleven verft

Bankenes tillit til DIV Group forsvant

Bankenes drastiske grep overfor eierne av Kleven skyldes en kollaps i tilliten til DIV Group etter at sentrale ledere ved verftet forsvant.


Vi følger utviklinga videre.

Denne saken ble først publisert hos Vikebladet Vestposten.