Arbeidarpartiet kritiserer Framstegspartiet for utspel om alt som ikkje fungerer i nye Ålesund:

– Fylling parkerte seg sjølv på sidelinja

Kvifor kritiserer Thorbjørn Fylling (Frp) ei rekkje ting ved nye Ålesund kommune når han sjølv valde å ikkje delta i fellesnemnda? Det spør Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Ålesund, Geir Ove Leite.

Meiner Fylling og Frp kunne ha påverka: Geir Ove Leite, her fotografert i Grindvika med Digerneset i bakgrunnen, meiner Thorbjørn Fylling (Frp) som rutinert Ørskog-politikar burde ha gjort ein jobb med å forme nye Ålesund i fellesnemnda. Leite meiner det blir rart når Fylling dukkar opp i ettertid og kritiserer val fellesnemnda gjorde, når han heilt sikkert kunne ha vore med i nemnda om han sjølv ønskte det.  Foto: Privat

Nyheter

Leite meiner at Fylling som Ørskog Frp sin fremste mann sjølv kunne ha påverka korleis nye Ålesund kommune vart forma.

Men ifølgje Leite trekte Fylling seg frå fellesnemnda, slik at han ikkje kunne påverke dei mange punkta han kritiserer nyekommunen for i eit oppslag i Sunnmørsposten tidlegare denne veka.

– I september 2016 vedtok Ørskog kommune å gå inn i nye Ålesund, men i siste kommunestyremøte før jul valde Ørskog Frp å trekke seg frå fellesnemnda, fortel Leite.

– Lite delaktige

Han legg til at Wenche Gausnes Aasen rett nok kom inn i fellesnemnda på eit seinare tidspunkt for å få rett kjønnsbalanse.

– Men det forandrar ikkje faktumet at Fylling og Frp var svært lite delaktige i prosessen med å forme nye Ålesund kommune, meiner Leite.

Kvar av dei gamle kommunane stilte med fem representantar i fellesnemnda, som alle hadde sine vararepresentantar.

Kritiserte nye Ålesund

Det var i intervju heime hos Sylvi Listhaug på Sjøholt tidlegare denne veka både ho og Thorbjørn Fylling kritiserte mykje ved korleis nye Ålesund kommune har blitt drive så langt.


Meiner mange innbyggjarar har fått dårlegare service etter kommunesamanslåinga:

Listhaug skuldar nye Ålesund for vanstyre

Mange vanlege innbyggjarar har fått det verre under nye Ålesund kommune, meiner Sylvi Listhaug (Frp). No ber ho ordføraren om å ta grep.


Det gjaldt mellom anna dårleg servicetilbod, dårleg økonomistyring, lange kommunestyremøte som varer og rekk – og at den nye kommunen har ein modell med komitear i staden for utval.

– Når Thorbjørn Fylling påstår at tanken bak nye Ålesund kommune var at ein skulle plukke det beste frå kvar kommune, men at «regimet er det same som i gamle Ålesund», så må det påpeikast at det var han sjølv som parkerte seg på sidelinja, er beskjeden frå Geir Ove Leite.

Han meiner at Fylling derfor ikkje fekk vere med på å justere intensjonsavtalen etter at Ørskog kom inn.

– Eg kan heller ikkje hugse at Frp sine representantar i fylkesnemnda nokon gong stemte mot fleirtalet si innstilling eller kom med alternative forslag, seier Leite.

Etterlyser bidrag frå Frp: - Kva har Frp sine tre representantar i formannsskapet og 13 representantar i kommunestyret bidrege med dei to siste månadane? Svaret er likt null. Det er lett å sitje på gjerdet og berre ta sakene «til vitande», og så kritisere i etterkant, meine Geir Ove Leite. Her fotografert i eit kommunestyremøte   Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Etterlyser Frp

Geir Ove Leite er også kritisk til at Frp no kritiserer kommunen for dårleg økonomihandtering.

Han meiner at Frp knappast nok har kome med eit einaste skikkeleg forslag om korleis kommunen kan spare pengar.

– Kvar har FrP vore i denne perioden? Dei har figurert hyppig i sosiale medium og kome med krasse utspel i kommentarfelta. Men det politiske handverket har vi ikkje sett noko til, seier Leite.

Han seier at først 18. juni kom Frp med sine første forslag – to månader og to dagar etter budsjettrevisjonen.

– Og dei kom ikkje med noko nytt, seier Leite.

Meiner Ap bommar: Thorbjørn Fylling er gruppeleiar for Ålesund Frp i dag. Tidlegare var han ordførar i Ørskog i to periodar (2007-2015). Fylling meiner det blir rart om han ikkje skal få lov til å meine noko om korleis nye Ålesund kommune blir drive i dag, sjølv om han ikkje sat i fellesnemnda.  Foto: Staale Wattø

– På ville vegar

Thorbjørn Fylling meiner Geir Ove Leite er på ville vegar når han kritiserer han sjølv og Ørskog Frp for å vere for lite deltakande i fellesnemnda, sjølv om det rett at Ørskog Frp hadde problem med å finne kandidatar.

– Vi ønskte Wenche Gausnes Aasen som vår kandidat, men ho hadde mange andre verv og var usikker på om ho kunne ta på seg fleire oppgåver. Om Leite og Ap meiner det er opplagt at eg burde ha vore Frp sin kandidat i fellesnemnda så må dei få lov til å meine det, men det får vere eit val som eg og vi i Frp tar uavhengig av kva andre meiner, seier Fylling.

Han viser til at han tok opp problematikken rundt heile 77 kommunestyrerepresentantar i kommunestyret i Ørskog og har heile tida uttrykt bekymring for eit så stort kommunestyre.

– Kan ein ikkje ha meiningar om saka utan å ha vore med i fellesnemnda? Då nærmar det seg ei demokratisk utfordring dersom andre synspunkt ikkje skal bli høyrde, meiner Fylling.

– Skakkøyrd skute

Når det gjeld kritikken frå Geir Ove Leite om at Frp i nye Ålesund har kome med få forslag om kutt så meiner Fylling det er ein fullstendig skivebom.

– Vi skal leve fint med at Arbeidarpartiet er ueinige med oss, men vi vil sjølv ha vore meiningar i ulike saker og også når vi fremjar desse, seier Fylling.

Han legg til at han er overraska over at Leite no brukar tid på noko som skjedde dei siste 5–6 år.

– No bør ein sjå framover og få konkret handling som kan rette opp ei skakkøyrd skute, meiner Frp-politikaren.


Eva Vinje Aurdal (Ap) slår tilbake mot Sylvi Listhaug (Frp):

– Eit samansurium av kva du kan lese i ulike kommentarfelt