Her er nyeferja på Festøya-Solavågen

Nye BF «Festøya» ved Vikeneskaia i Volda.  Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Nokre månader etter planen er den nye «Festøya» klar for å setjast inn i Festøya-Solavågen. Men først skal redningsutstyret testast skikkeleg.

– Vi håper å kunne sette MF «Festøya» i rute om ei veke. Vi skal blant anna ha ein fullskala test av redningsutstyret først, opplyser Inge Andre Utåker, regionsjef Ferjer Nord i Norled

Ferja, som er bygd i Polen, ligg no ved Vikeneskaia i Volda.

Nye BF "Festøya".  Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

Kapasiteten er 120 bilar. Den er bygd for å kunne bruke elektrisk framdrift, men ladestasjonen er ikkje klar.

–«Festøya» avløyser MF «Finnøy», og neste nybygg, «Solavågen», er det planen å ha i rute ca. 1. september, opplyser Inge Andre Utåker.

Norled tok over drifta av Festøya-Solavågen ved årsskiftet. Sambandet skal få tre 120-bilars-ferjer som går kvart 20. minutt.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.