Lyser ut anbod på fleire ferjesamband

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som no lyser ut anbod på to ferjesamband, og anbod på drift på to andre samband.

Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona er eit av sambanda fylkeskommunen lyser ut anbod på. Her er MF "Kvaløy" på Ona. Arkivfoto.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Dei to ferjeanboda som lysast ut er på sambanda Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona og Brattvåg-Dryna.

Det førstnemnde har ei varigheit på 7 år frå første januar 2022 og ferja skal ha ein kapasitet på tjue personbilar. Brattvåg-Dryna skal vare i seks år frå første januar 2023, og ha kapasitet til 35 personbilar.

– Det er naudsynt å mellom anna ruste opp fleire av kaiene i Utasundssambandet dei neste åra. Da er det naturleg å ha litt kortare varigheit på anbodet enn det som er vanleg i ferjekontraktar. Da kan vi tilpasse krava til ferjene i dei neste kontraktane for desse sambanda til dei nye kaiene, fortel Jesper Wiig, som er driftssjef for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemeldinga.


Startar tunneldrivinga på Harøya

Arbeidet på alle delane av Nordøyvegen er dermed i gang.


Fylkeskommunen har også lyst ut anbod på drift på sambanda Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya og Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya fram til Nordøyvegen opnar sommaren 2022.

– Oppgåva vår er å få folk fram og at vi skal bruke dei økonomiske midlane våre på ein best mogleg måte. Bygginga av tunnelane på Nordøyvegen er akkurat passert halvvegs og det er difor viktig for oss å ha ei plan B om det blir behov for ferjene ei stund lengre enn planlagt, seier Wiig i meldinga.

På dei permanente ferjesambanda er fristen for å levere tilbod 16. september, medan dei andre kontraktane har frist 9. september.


Ga signal om kva som bør med i økonomiplanen til fylket:

Skal kjempe for bompengekutt på Nordøyvegen

Reduserte bompengar på Nordøyvegen, gjenopning av nedlagte klassar i den vidaregåande skulen, med særleg vekt på YSK-linjer. Og behalde distriktstannklinikkane.