Ny person koronasmitta i Sula

Kommuneoverlege: Marianne Bjerkevåg er kommuneoverlege i Sula.   Foto: Camilla Hjelmeseth (arkiv)

Nyheter

Sula kommune skriv måndag på heimesidene sine at det er registrert eit nytt smittetilfelle knytt til kommunen i veke 27.

– Den smitta er sett i isolasjon. Nærkontaktar blir rutinemessig testa og sett i karantene, heiter det.

Kommuneoverlege Marianne Bjerkevåg fortel til Sunnmørsposten at den smitta har bustadadresse i Sula, men var ein annan stad i landet då vedkommande vart sjuk.

– Testen er ikkje tatt her, og eg har førebels ikkje info om til dømes alder, seier ho.

Til no er det registrert 17 smittetilfelle i kommunen. 26. juni stadfesta kommuneoverlegen at alle som var registrert smitta så langt, var friskmelde.


Alle koronatilfelle i Sula er no friskmelde

Det bekreftar kommuneoverlegen i kommunen fredag.



Ber alle med lette infeksjonsteikn om å halde avstand til situasjonen er avklara:

Nytt smittetilfelle i Sula

Fredag testa eit nytt barn positivt på korona i Sula.