Frårår utbytte frå hamnevesenet

To millionar kroner har Stranda Hamnevesen råd til å betale ut i utbytte til kommunen, meiner rådmannen. Hamnesjefen frårår at det blir teke ut utbytte.

Hellesylt: Så langt i år har det ikkje vore eit einaste cruiseskip på Hellesylt. Då uteblir også inntektene på kaia. (Arkivbilde)  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Stranda Hamnevesen har likevel forståing og respekt dersom eigar ynskjer å gjere eit anna vedtak, legg hamnesjef Rita Berstad Maraak til i saksutgreiinga til hamnestyret, som skal drøfte saka på sitt førstkomande møte.