– Det er viktig å våge:

Ingrid (25) blir rektor

– Kanskje nokon spør korleis ein 25-åring kan bli rektor. Eg meiner det er viktig å våge, og har vore bevisst på å ta dei moglegheitene som dukkar opp.

NYEREKTOREN: – Eg vil vere ein rektor som gjer at folk tykkjer det er kjekt å vere på jobb, seier den nye rektoren på Sæbø, Ingrid Nerås Krogsæter.  Foto: Oddhild Haram / Møre-Nytt.

Nyheter

(Møre-Nytt): Ingrid Nerås Krogsæter (25) er utdanna lærar, men har også ti år bak seg i politikken, og sju år i militæret, seks av dei i innsatsstyrken i HV-11. Ho er sambuar og mor, og har nyleg blitt tilsett som rektor ved Sæbø skule.