NRK: - Nær løysing for Kleven

Kleven skal vere svært nær ei løysing for vidare drift. Det opplyser bustyrar Bjørn Åge Hamre til NRK.

Bjørn Åge Hamre, bustyrar for Kleven verft sitt konkursbu og dei to andre konkursramma Kleven-selskapa.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Vi har aldri vore nærmare enn no. Men ingenting er på plass før alt er på plass, seier Hamre.

Det er så langt ikkje annonsert kven som er med i ei eventuell ny løysing for vidare drift av det tradisjonsrike verftet.


Trur Kleven har framtida framfor seg: – Dette var nok den beste løysinga

Dagleg leiar i Maritimt Forum, Arnfinn Ingjerd meiner konkurs var den beste løysinga. Men no er det kritisk at nye eigarar kjem inn.


– Fleire aktuelle aktørar

Nett.no melder fredag kveld at Kleven-buet er i dialog med fleire aktørar om det som blir omtala som ei permanent løysing.

Same medium melder at bustyraren no er på veg heim til Bergen, utan at arbeidet med vidare drift stoppar opp av den grunn.

Skal ha forhøyrt seg: Åge Remøy skal ha snakka med buet om vidare drift av Kleven Verft, ifølgje nett.no.  Foto: Knut Arne Aarset (arkivfoto)



Hamre kan ikkje seie noko til nett.no om kven dei aktuelle interessentane er (ei heller om dei er norske eller internasjonale), men nettavisa skriv at Åge Remøy skal ha forhøyrt seg.

Herøy-reiaren har ingen kommentarar om saka.

Remøy har framleis ein eigarpost hos Myklebust Verft, som var i same konsern som Kleven Verft mellom 2001 og 2018.

Remøy kjøpte eigarposten då Kleven Verft vart kjøpt opp av mellom andre Hurtigruten i 2018.

Konkurs: Tomislav Debeljak var styreleiar og administerande direktør i Kleven Verft. Sist fredag orienterte han pressa om at verftet var konkurs.  Foto: Staale Wattø

Konkurs sist fredag

Det var fredag sist veke nyheita om at Kleven Verft på Dimnøya i Ulstein måtte slå seg konkurs kom.

Dei kroatiske eigaren DIV Group kjøpte verftet frå Hurtigruten i mars i år, men har slite med manglande tillit frå bankane.


Arbeidarar på Kleven har endeleg fått lønn – situasjonen vekka vonde minne

Tillitsvalt Marius Neculita fortel om førre gong utanlandske arbeidarar ikkje fekk lønn. Det som skjedde då var vondt, men la samtidig grunnlaget for ein sterk lojalitet til Kleven.


Positive signal

Måndag kom bustyrar Bjørn Åge Hamre til Ulstein.

Det har fleire gonger blitt meldt om «positive signal» med omsyn til vidare drift.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh sa til Sunnmørsposten så seint som torsdag at han hadde ei god magekjensle for at verftet skulle bli redda.



Signala er altså framleis positive tidleg fredag kveld, utan at noko er bekrefta så langt.

Positiv: Heilt sidan Kleven gjekk konkurs sist fredag har Ulstein-ordførar Knut Erik Engh hatt stor tru på at nokon andre kan kjøpe opp og drive verftet vidare.  Foto: Einar Orten Trovåg

Tidlegare leiarar på besøk

Dei om lag 400 tilsette ved Kleven vart formelt sagt opp tysdag.

Samtidig kom bustyrar Bjørn Åge Hamre med denne statusrapporten til Sunnmørsposten:

– Vi jobbar framleis med mål om vidare drift. Det er mange utfordringar å løyse, og mykje er ikkje løyst, men vi jobbar systematisk og prøver å få flest mogleg brikker på plass. Alt heng saman med alt, og ingen ting er løyst før alt er løyst.

Både tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse og tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad har vore på besøk hos Kleven tidlegare denne veka.

Bollestad slutta i Kleven i slutten av juni, då det først for kjent kor nær konkurs Kleven var.

Har vore på Kleven denne veka: Ola Beinnes Fosse (til venstre) og administrerande direktør Kjetil Bollestad.  Foto: Staale Wattø (arkivfoto)

Tilbake måndag

Ifølgje nett.no skal Bjørn Åge Hamre vere tilbake på Kleven Verft seinast måndag.

Dei tilsette går på jobb som vanleg inntil dei eventuelt høyrer noko anna.

Bjørn Åge Hamre har så langt ikkje vore svara på førespurnader frå Sunnmørsposten fredag kveld.